Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Hardangerfolk og Hordatunet (onsdag 8. september 2010). Les mer om roperten…

Korleis forbereder du deg til årets litteratursymposie?

Temaet i år er smuss, og det eg lurer på er kva bøker du les deg opp på slik at du er forberedt til årets litteratursymposie i Odda?

Kan det hende vi klarar å finne ei må lese-liste før oktober?

Tips:

Vist 255 gonger. Følgt av 2 personar.

Kommentarar

Eg har lyst å lese Gå eller kunsten å leve et vilt og poetisk liv av Tomas Espedal. Nokon som har lest og kan anbefala?

Tjo bing! Las boka i vår og har litt blanda kjensler for henne. Espedal fortel om korleis tøffingane reiser; i dress og med liten sekk med plass til litt sprit og nokre bøker. Så er det berre å gå, drikke, lese, pule og slåss seg avgarde. Til å begynne med er det mange referansar til anna gå-litteratur, utan at eg tykkjer referansane tilfører boka noko anna enn lyst til å heller lese denne. Etterkvart som Espedal får med seg turkamerat Narve, får boka eit oppsving. Siste delen likte eg best. Som når dei rotar på nedi Tyrkia. Språket er robust, enkelt og bra – fyren er god til å skriva. Men ein seksar? Maaai.

Takk for det! Når du seier det så har eg eigentleg mista lysta på å lese om menn i krise som må finne seg sjølv. Det er faktisk ganske stereotypisk menn. Så då lurer eg på: har du ei gysla god bok eg lese?!

Åhh – vanskeleg business å tilrå bøker for andre, men eit par av mine favorittar: Carl Frode Tiller – Skråninga og Innsirkling (nummer to kjem i haust). Philip Roth – Everyman (Hvermann?), Marlen Haushofer – Veggen, Rolf Sagen – Springfart ved fjorden, Haruki Murakami – Sputnik Sweatheart, Göran Tunström – Juleoratoriet, Torgny Lindgren – Dorés bibel, John Fante – Spør støvet, Sigfried Lenz – Tysktime, Inger Christensen – Alfabet (dikt), Kjell Askildsen – Et stort øde landskap, osv, osv
P.s. Dette er generelle favorittar, ikkje smusslitt.

Forslag til grusomt ekkel smusslitt-liste:

1. Jan Vincents Johannesen – Kunsten å leve
2. Conrad Myrland (red.) – Med Israel for fred
3. Eli Engum Hagen – Elskerinne, sekretær og hustru
4. Rhonda Byrne – Hemmeligheten
5. Boe J. Hermansen (red.) – Som en ild går Åndens ord : Festskrift til Børre Knutsens 70-årsdag
6. Gerd Liv valla – Prosessen
7. Thomas H. Hansen – Sponheim
8. Carl I. Hagen – Ælig talt
9. Trygve Hegnar – Hva var det jeg sa?
10. Ingebrigt Steen Jensen – Ona fyr

Det meste av politikar-litteraturen er altså kvalifisert til smuss. Eg liker prinsippet! Skal sjekke ut fav-lista di (straks eg er ferdig på jobb). Spør støvet var voldsomt forlokkande tittel!

Ask the Dust – Spør støvet – er ei av mine all-time-topp-fem-favorittar! Ikkje lang heller … og nett kome på norsk i pocket!

Annonse

Nye bilder