Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Hardangerfolk (onsdag 28. april 2010). Les mer om roperten…

Litterær dugnad 1.mai

Laurdag 1. mai 2010 kl. 18.00 til 20.00, Lindehuset, Odda Smelteverk

Britt Synnøve Johansen

Opplev Britt-Synnøve Johansen synge internasjonalen i Odda 1. mai! Debutant Tina Åmodt vil lese “Anleggsprosa”. Ragnar Hovland, Olaug Nilssen, Bjørn Ingvaldsen og Lars Ove Seljestad vil lese meir og mindre arbeidarrelatert prosa i høve dagen, og Marit Eikemo skal prøve å halde i trådane.

Musikalske kakestykker
Dei musikalske gjestene som vitjar Odda 1.mai, blir tradisjonen tru oppfordra til å framføre Internasjonalen. Britt-Synnøve har tatt utfordringa på strak arm, og det same har Ragnar Hovland. Hovland vil, som tradisjonen seier, framføre eit vers av Internasjonalen på eit instrument som Internasjonalen normalt ikkje blir framført på.

Britt-Synnøve Johansen er ein sjeldan karismatisk liveartist med ei einståande formidlingsevne. I 2007 blei ho kåra til Rogalands vakraste stemme. Britt -Synnøves siste utgjeving Skyt meg med tre roser er produsent av Janove Ottesen fra Kaizers Orcherstra og har fått strålande mottaking over heile landet. I Odda vil vi få ein smakebit frå hennar rike repertoar, mellom anna songar med tekstar av Per Sivle.

Litterære perler
Ragnar Hovland er ein av dei mest populære og allsidige forfattarane i Norge. Han debuterte med romanen Alltid fleire dagar i 1979. Seinare har han utvikla eit rikt forfatterskap både for barn og vaksne, innan dei fleste sjangrar, prega av stor fabuleringsevne, burlesk og absurd humor, og ein usvikelig sans for dei ikkje heilt veltilpassa eksistensar i samfunnet. Hovland har fått ei lang rekkje prisar og utmerkingar for sin forfattarskap, og han har vore festspeldiktar, både ved Dei nynorske festspela og De litterære festspill i Bergen.

Tina Åmodt frå Askøy har gått på Skrivekunstakademiet i Hordaland og studerer ved Litterær Gestaltning ved Göteborgs Universitet. Debutboka hennar, ”Anleggsprosa”, som kom i vår, har allereie fått strålande mottaking.

Olaug Nilssen frå Solheimsdalen i Førde debuterte med romanen Innestengt i udyr i 1998. Nilssens andre roman, Vi har så korte armar, er omsett til fransk. I 2004 vart Nilssen kåra av Morgenbladet til ein av dei beste forfattarane under 35 år, og i 2005 kom hennar store litterære gjennombrot med romanen ”Få meg på for faen”, som også blei dramatisert ved Det norske teater. I 2009 kom portrettboka ”Nesten frelst av Sigvart Dagsland”.

Lars Ove Seljestad frå Odda brakdebuterte med romanen ”Blind” i 2005. I 2007 kom ”Bastard”, eit essay om klassereise. I 2009 kom romanen ”Frægd”. På Litterær dugnad vil han lese ein tekst om Odda smelteverk – for første gong framført på Odda smelteverk.

Bjørn Ingvaldsen blei født 1962 i Odda. Han debuterte med novellesamlinga Landskap med gul Lada i 1995, og har sidan gitt ut om lag 30 bøker, både romanar, noveller og barnebøker. I vår er Ingvaldsen mellom anna aktuell med den femte boka i serien om Fotballaget Froskene.

Marit Eikemo frå Odda er forfattar og leiar for Litteratursymposiet i Odda. Ho debuterte i 2006 med romanen Mellom oss sagt, og i 2008 kom essaysamlinga Samtidsruinar. I 2009 kom hennar andre roman, Arbeid pågår.

Programmet for Litteratursymposiet 2010 blir lansert på Litterær dugnad.
Arrangementet er eit samarbeid med LO i Indre Hardanger

Vist 765 gonger. Følgt av 1 person.

Var du med?

Ein tilrådde Person_gray

Kvar skjer det?