Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Hardangerfolk og Hordatunet (onsdag 6. oktober 2010). Les mer om roperten…

Litteratursymposiet: Litterær heilaften

Fredag 15. oktober 2010 kl. 20.00, Lindehuset, Odda Smelteverk

Aslak Sira Myhre guidar publikum gjennom den norske samtidslitteraturen, her representert ved eit knippe aktuelle, kritikarroste og svært populære forfattarar.

Kvelden begynner med opplesingar av Vigdis Hjorth, Ragnar Hovland, Beate Grimsrud og Tomas Espedal. Etter pause vil Lars Saabye Christensen lese frå sin siste roman, og samtale med Aslak Sira Myhre om sin forfattarskap.

Det er alltid stor spenning og forventning knytta til ei ny bok av Lars Saabye Christensen, og det er stor stas at han har valgt Odda som ein stad å presentere sin nye roman, Bernhard Hvals forsnakkelser. Berhard Hval er født i 1900, veks opp på Besserud i Kristiania, utdannar seg som lege og blir best på kullet. Men tvangstankar og visse uvanar gjer legegjerninga vanskelig. I 1980 sit Bernhard Hval i leiligheita si i Skovveien i Oslo og ser tilbake på eit heilt hundreår. Han fortel om ein sjeldan trekanthistorie som aldri blir fullført, mellom han sjølv, kona Sigrid og Notto Fipp. Sigrid er ei borgerlig og robust tennisdame frå Drammen, Notto Fipp ei høgst besynderlig kappgjenger fra Evje i Telemark, og Bernhard Hval blir hans livlege. Det er duka for vennskap, lidenskap, galskap og skandalar.

Vigdis Hjorth sin nye roman Snakk til meg handler om ei forsiktig middelaldrande kvinne som reiser til Cuba og overraskar seg sjølv. Er det kjærleik ho opplever? Møtet med kontrastenes Cuba, skjønnheita, fattigdomen, varmen mellom menneska, rokker ved hennar verdsbilde. Ho reiser heim, og startar prosessen med å få den cubanske mannen inn i Norge.

Tomas Espedal debuterte som forfatter i 1988, og er særlig kjent for sine sjølvbiografiske og sjølvutleverande romanar. Han utforskar forholdet mellom romanen og sjangere som essay, brev, dagbok, selvbiografi og reiseskildring. Begge hans siste bøker Gå eller kunsten å leve et vilt og poetisk liv ( 2006) og Imot kunsten (2009) blei nominert til Nordisk Råds Litteraturpris.

Beate Grimsrud si kritikarrost og og prisvinnande svensk-norsk forfattar har skrive sin siste roman om psykiske lidingar. En dåre fri, er forteljinga om Eli og hennar livskamp, oppgang og fall, og hennar psykiske problem. Alt startar når hun må dele seg sjølv for å sleppe inn karakteren Espen Askeladd, som ho gjerne vil ha rollen som. Denne delinga utvikler seg til slutt til ei psykotisk lidelse.

Det er mange som gler seg til Ragnar Hovland si neste bok, som kjem til våren. På Litteratursymposiet får publikum ei eksklusiv opplesing frå Hovlands enno upubliserte roman.

Vist 67 gonger. Følgt av 2 personar.

Var du med?

2 tilrådde Person_grayPerson_gray

Kvar skjer det?