Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Hardangerfolk (måndag 10. oktober 2011). Les mer om roperten…

Litterær lunsj: Ingvild H. Rishøi les novelle

Torsdag 13. oktober 2011 kl. 12.00, Smelt


Novellist og barnebokforfattar og ei av dei finaste nye stemmene i norsk litteratur. No kjem ho til Odda. Hennar første novellesamling, La stå, var hovudbok i Bokklubben Nye Bøker hausten 2007. Dette var første gong ei novellesamling av ein debutant vart vald til hovudbok. I år kom hennar andre novellebok: Historien om Fru Berg. Med stor innleving og ei eiga litterær kraft skildrar ho det skjøre samhaldet mellom menneske; det gåtefulle, skremmande og vakre. Bokmeldarane var nok ein gong frå seg av begeistring og brukte store ord på å skildre boka.
Ingvild har og gitt ut to fine barnebøker Unbrakomonsteret (2007) og Pling i Bollen – fine og ufine barnerim (2011).

Ho skal vera med på Novellemaraton i kinosalen torsdag. I tillegg vil nok både store og små få høve til å høyre meir frå ho.

Vist 24 gonger. Følgt av 1 person.

Var du med?

Ein tilrådde Person_gray

Kvar skjer det?